lofotor.com

Tor Sivertstøl photography

By

2014

This will only be in norwegian.

2014 har vore tett av spennande hendingar. Dette var året eg hoppa utfor, og slutta i fast jobb i trygge NRK. Allereie hausten 2012 tok eg permisjon for å lage filmen Lysleite, men det var først i 2014 eg slapp taket heilt.
Og i februar sendte NRK Lysleite.
Hadde aldri sett føre meg korleis filmen vart teken imot av sjåarane.
Overveldande.
Og ut på våren var det Gullruten.
Det var min fantastiske produsent Hilde Nerland som banka gjennom at vi måtte sende inn filmen til Gullruten.
Eg var heller lunken til å delta, eg veit ikkje, eg har alltid vore skeptisk til slike hendingar som Gullruten er.
Når eg har laga ein film, enten åleine, eller saman med andre, så er eg liksom ferdig med den.
Det er ikkje noko meir å mase om.
Neste prosjekt takk, det er betre å bruke tid på neste prosjekt.
Fordi det tek mykje tid å melde på filmar til festivalar og konkurransar i hytt og pine.
Derfor vart det kun Gullruten vi prioriterte.
Men vi fekk pris for beste foto.
Og det var vi som vann, ikkje berre eg. Produsent Hilde, som eg nemte tidlegare her. Det hadde aldri vorte Lysleite utan henne.
Gry Molvær, ho var med som lysleitar i sjølve filmen. Men ho var også sterkt delaktig i det kreative i filmen. Det var hennar ide å ta kunsten ut i skogen, blant anna. Ein solid og god støttespelar.
Dei andre lysleitarane i filmen sjølvsagt; Ørnulf Opdal, Nina Beyer og Egil Enaasen.
Musikarane Sylvia Strand og Jonathan Gregory. Dei laga nydeleg filmmusikk, og det var så fortjent når dei toppa Itunes listene ei stund etter at filmen var sendt.
Til slutt, men ikkje minst, mi kjære Heidi. Ho held fortet heime når eg svimer rundt med kameraet mitt.

Dette vart mest som ei rimeleg sein takketale, men er veldig takknemleg for å ha så gode folk rundt meg.

Andre prosjekt eg jobbar med no er filmen om papirklippekunstnaren Karen Bit Vejle, filmen om Banskøyta i Ålesund og filmen om mi heimkommune Sande. Spennande prosjekt alle saman på kvar sine måtar. Så det har gått i eitt sidan eg slutta i NRK, og 2015 ser ut til å verte minst like travelt. Godt er det😉

Godt nytt år!

By

Winter Drageskaret

Today I’ve filmed a scene in my home area, and of course a timelapse:)

/home/wpcom/public_html/wp-content/blogs.dir/c63/41218987/files/2014/12/img_5412.jpg

/home/wpcom/public_html/wp-content/blogs.dir/c63/41218987/files/2014/12/img_5415.jpg

By

the reindeer

This is from a new gallery on my website, a special happening where the sami people collected their reindeers.

By

Graddis

Please check a new photo gallery above: